La deg inspirere til å lage nydelig mat med kjøtt fra Steinnes gard.
Finn fram alt det du skal ha til burgeren, burgerbrød, dressing, salat, ost, sylta rødløk eller andre favorittar.
Bruk skikkeleg varm grill eller steikepanne.
Du treng ingen fett i panna, grill den kun 2-3 min på kvar side. Det er viktig at burgeren ikkje vert steikt for lenge, då blir den seig.
Legg den så rett i burgerbrødet. Nyt og kos deg med ein skikkeleg burger fra Steinnes Gard!
Ja det er kunst, ikkje lett om du ikkje trenar på det, men nokre hovudreglar er det. Det er nokre ting du berre må ha:
Nok til 8 personar.
Lag alltid litt mykje. Det går an å frysa restane, då har du rask ferdigmat.
1,5 kg Charolais, i litt grove terningar 6X6 cm. Bruk høgrygg eller bog til ei slik gryte.
3 dl kveitemjøl
2 ss salt
1 ts nykverna svart pepar
2 ss tomatpuré
Solsikkeolje og 1 ss smør til bruning av kjøtet
1 fl raudvin, eller du kan nytta oksekrafta
5 dl vatn
100 g små løk, stjerne- eller sjalottløk
250 g sellerirot, skoren i grove terningar på 4X4 cm
3 gulrøter, kutta i lengder på 4 cm (om dei er store, del dei på langs)
1 purreløk, godt vaska og skoren i grove ringar
200 g sopp, sjampinjong eller aller helst vill sopp i sesongen
2 ss finhakka frisk timian
Pass på at kjøtet er skikkeleg tint. Bland salt, pepar og kveitemjøl i ei eldfast form eller liknande. Legg kjøtet i mjølblandinga og sørg for at du får godt med mjøl på alt kjøtet.
Varm ei panne til middels varme. Ha i solsikkeolje og start bruninga. Sørg for å få god farge på alt kjøtet. Etter at alt kjøtet er bruna, legg kjøtet til side. Se ellers tipset om «Kunsten å steike kjøtt!».
Ha i 1 ss smør og rør ut i panna, dette lagar ei fin jamning.
Ha denne jamninga over i ei passe stor gryte. Om du brukar ei jerngryte, berre fortset du i den. Når jamninga er varm, hell over raudvin og vatn, rør godt rundt og kok opp. Ha i tomatpuré. Legg kjøtet oppi krafta og kok på svak varme til kjøtet er mørt, ca. 2-3 timar. Det skal berre putra såvidt i gryta. Nå sjekkar du om sausen er tjukk nok. Om han ikkje er det, tar du ei skei kveitemjøl- og vassjamning. Hugs å røra godt, og kok opp. Ha så i grønsakene, alle utanom purreløken. Lat desse trekka til dei er møre, men endå har litt tyggemotstand igjen. Rett før servering har du i purreløk og timian.
Server med godt brød, rørte tyttebær og potetstappe. Eg tippar venene dine vil venta lengselsfullt på neste gryteinvitasjon frå deg.